«Ei god Sak
gjev eit godt Mod»

Solveig Muren Sanden teikna framsida av Norsk Årbok 2006.
Netstadandsvarleg

Norsk Årbok 2006

Tinga boki!

Boki er på 190 sidor og kann tingast for krunor 150,– fritt tilsend. Set berre bokpengane inn på kontoen vår 9365.06.56243 – men gjer vel å få med namnet og tilskrifti di! Det er greidt um du vitrar skriftstyret på <norskaarbok@hognorsk.no> um dette.

Norsk Årbok er eit skrift til fremjing av høgnorskt mål. Fyrste rekkja kom ut 1920–39; andre rekkja kjem ut sidan 2005.

Innehald NÅ2006

Petra Kvisli: Eg elskar dei voggande tonar (dikt)
Lars Eskeland: Helge Væringsaasen
Thoralf Bergwitz: Norge eller Noreg
Kjell Venås: Om landsnamnet vårt i eit nytt tusenår
Einar Breidsvoll: Riksmålsprofessoratet 10 år
Einar Torgilstveit: Stille (dikt)
Jostein Stokkeland: Frå Seippel til Sagrusten
Thorgeir Holm: Bibelumsetjinga – og joleevangeliet på høgnorsk
Sergej Alexander Munkvold: Kva er høgnorsk?
Ole Jakob Totland: Målmann byter burt stridsøks mot røktargreidor
Rolf Theil: Hans Kamstrup Vogt
Jostein Krokvik: Edvard Samuel Os, hermann for norsk mål
Edvard Os: Russeslaget i Kristiania 17. mai 1904
Magne Myhren: Gustav Indrebøs målsoga i ny utgåva
Johannes Gjerdåker: Hafez frå Shiraz – persisk diktar
Andreas Bjørkum: Frå samlarferdene mine i Indre Sogn
Hermund Slaattelid: Bergensbispen som biletstormar
Einar Torgilstveit: Vincens Lunge
Thorgeir Holm: Ringdrotten og kjærleiken til målet

«Baksidetekst»

Noreg-namnet hev lenge stade som eit av dei gjævaste merki i atterreisingi av det norske målet, som den rette norske formi av landsnamnet, samformi for og morformi åt alle målføreformene det skifter i. Tvo stykke i boki tek her fyre seg upphavet til og striden ikring namnet på landet vårt.

Tvo sogelege stykke dreg seg um emne som kastar nytt ljos yver hendingar me liver med i i dag au: bruket av religiøse bilæte og striden for sjølvstende.

Det vert jamleg sett um lesnad frå framande mål til norsk. Her fær me smakebìtar av livet og verket åt tvo kjende diktarar: Hafez, som var ein av dei store persiske skaldane, og engelsmannen J.R.R. Tolkien, som skreiv det namngjetne verket Ringdrotten. Me fær dessutan høyra eitkvart um bibelumsetjing og bibelumsetjingar i samband med nyumsetjingi av NT i 2005.

Elles vert det fortalt um mål- og samfundskjempa Helge Væringsaasen (1836–1917) frå Øysterdalen, og um ymse andre folk og ting.

Klassiskt norskt mål treng vedvarande vakthald og vern. I sumar gjekk språkdirektør Sylfest Lomheim ut mot bruket av vanlege norske ord som snøgg og attende og kalla deim gamaldagse. Slike målhatuge utfall gjer det syrgjeleg klårt at endå um samnorskideologien er gravlagd, hev han esla etter seg ein arv som ikkje er minder måltynande: Modernitetsideologien høgg skamdjervt etter dei krokute røtene og granne tægene som er grunnlaget for alt mål og alle mål, men bøygjer nakken lydugt under trykket og uvêret frå makti utantil – norsk-danskt bokmål og «internasjonale» skoddeord.

Boterådi burde vera endefram: Det er berre å taka målet i bruk – utan bruk døyr målet; i bruk liver det og blømer. Norsken hev ei soga verd å minnast, men det stend til oss å gjeva målet ei framtid som vert endå større og frægare.

14. desember 2006 | Skriftstyret |